Nytilsett hjå Kolibri

Les mer

Pernille Fjørtoft Grøsvik byrja som kommunikasjons- og marknadsføringsleiar i Kolibri 1. februar. Ho jobbar måndag og tysdag fram til ho leverar masteroppgåve om Brasil si Covid-19 handtering til sumaren, og kjem inn for fullt.

- Det er fantastisk kjekt å få bli med på laget, frå før av hørde eg lovord om Kolibri så det er stas å få jobbe i ein så solid og praktisk orientert organisasjon. Born og unge er framtida, og å investere i utdanning og livsmeistring også for dei som veks opp i slummen er viktigare no enn nokon sinne. Det er spanande at mitt engasjement for born og unge skal få utløp gjennom å jobbe i Kolibri, seier Fjørtoft Grøsvik.

Ho har bakgrunn som frivillig og tilsett i ei rekke organisasjonar der ho arbeidde med menneskerettar, born og unges rettar, FN-problematikk, rettar i arbeidslivet og språkopplæring for minoritetar. Hjertesaka er moglegheiter for unge jenter. Noko Fjørtoft Grøsvik har arbeidd med i ulike høve:

- I Guatemala var eg på feltarbeid og arbeidde med kvinners rettar. Det var sterkt å vere på krisesenter og sjå korleis born og unge blei ramma av vald og sosial nød i familien og i samfunnet. Akkurat den gruppa løftar Kolibri, og fokuset Kolibri har på at unge skal kjenne eigenverdi trur eg er heilt avgjerande for å meistre vaksenlivet som møter dei, seier Fjørtoft Grøsvik.

Eg håper eg kan vere eit bindeledd mellom alle dei engasjerte kolibristøttespelarane våre i Noreg og aktiviteten på sentera i Brasil.

Fjørtoft Grøsvik

Med utdanninga i journalistikk, kommunikasjon og politikk er Fjørtoft Grøsvik glad i nye utfordringar og nye menneske. Ho har studert i Chile, Madrid, Førde og Bergen. Språkmektig håpar ho spansken kan hjelpe ho eit stykke på veg før portugisisken er i havn. I mellomtida blir det ein del nynorsk å sjå frå Kolibri, Fjørtoft Grøsvik er oppvaksen i Grøsvik på Osterøy og glad i språket sitt.

- Eg gler meg til å vere i kontakt med sentera i Brasil om kva dei planlegg og dei daglege aktivitetane. Eg håper eg kan vere eit bindeledd mellom dei engasjerte kolibristøttespelarane våre i Noreg og aktiviteten på sentera i Brasil, seier Fjørtoft Grøsvik.

Til sist ynsker ho å oppmoda alle som vil om å ta kontakt, stikke innom kontoret for ein kopp kaffi eller slå på tråden:

- Ein så aktiv og sterk organisasjon som Kolibri er nettopp så solid på grunn av alle hjelparane som står på. Eg trur eg kan læra mykje av å få innsikt frå støttespelarar som har vore tilknytt Kolibri lengre enn eg. Ikkje nøl med å ta kontakt om du har tankar om kva Kolibri burde fokusere meir eller mindre på, eller om det er noko du ynskjer å sjå eller høyre meir om.

Pernille Fjørtoft Grøsvik kan nås på e-post: Pernille.grosvik(at)carf.no
Pernille Fjørtoft Grøsvik kan nås på e-post: Pernille.grosvik(at)carf.no

Historien om barna